Årsmelding for 2019 er nå tilgjengeleg
No er årsmelding for 2019 tilgjengelig på vår heimeside, desse ligg under “Årsmeldingar/regler og vedtekter” oppe i menyen.
Helsing
Kystgeitlaget i Selje
Ny e-post for innmelding av dyr.
Nå har vi fått i stand ein ny e-post for innmelding av dyr, som medlemmane kan nytte seg av. Vi treng følgjande opplysningar : Kjønn, alder, antall og gjerne bilete av dyret/dyra.
E-posten er : innmelding.kystgeitlaget@gmail.com
Forskrift om velferd for småfe
Nyttig informasjon kring drift av småfe (Kystgeit).
Sjå spesielt kapittel 3, Oppstalling, enkle dyrerom og utedrift.
Link til Lovdata sine sider: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2005-02-18-160
Skal du starte opp med kystgeit?
Skal du starte opp med kystgeit? Då må du hugse å melde ifrå til mattilsynet og informere om dette på førehand.
https://www.altinn.no/skjemaoversikt/mattilsynet/nyttendre-dyrehold/
Vedtekter er no tilgjengelig på vår heimeside
Vedtektene for Stad Kystgeitlag er no tilgjengelig. Desse vedtektene vart godkjent i årsmøtet den 20.02.2019.
Du finn vedtektene under sida “Årsmeldingar/ reglar og vedtekter”.
Kystgeitlaget har fått ny logo og nytt namn
Grunna kommunesamanslåing, der Selje kommune og Eid kommune vert nye Stad kommune, vert det naturleg at Kystgeitlaget i Selje også skiftar namn. Kystgeitlaget i Selje er no Stad Kystgeitlag, og logoen er også naturlegvis skifta ut.
Årsmelding for 2017 og 2018 er no tilgjengeleg
No er årsmelding for 2017 og 2018 tilgjengelig på vår heimeside, desse ligg under “Årsmeldingar/regler og vedtekter” oppe i menyen.
Helsing
Kystgeitlaget i Selje
Gamalt kart over "SÖNDMØRE"
Om ein ser nøye etter kan ein sjå geiter oppe i høgre hjørnet.
Kartet er frå ca år 1830 til 40. Det viser at dei viktiaste matkjeldene på kysten var geita og silda.
Kystgeitlaget har fått ny heimeside
Kystgeitlaget har fått ei ny og oppdatert heimeside. Heimesida er laga av Camilla Monsen.
Her vil det bli publisert relevante avisartiklar og liknande.